K. Strømmen lakseoppdrett AS – glad laks i Nordfjord

K. Strømmen Lakseoppdrett AS held til i Rugsund i Bremanger kommune, og vart grunnlagt av oppdrettspioneren Kristen Strømmen i 1972. Verksemda er i dag spesialisert på oppdrett av atlantisk laks, og i områda rundt Rugsund har ein gode lokalitetar med mykje friskt vatn og gode straumtilhøve, der laksen veks og trivst godt. Her vert det årleg produsert rundt 5 500 tonn atlantisk laks av superior kvalitet, som vert eksportert til dei store marknadane for sjømat i Asia og Europa.

Verksemda har i dag fleire forskings- og utviklingsprosjekt saman med forskingsinsitusjonar, og bidreg vesentleg til innovasjon i oppdrettsnæringa. Målet er å kunne drive på ein berekraftig måte og i godt samspel med både miljøet og omgjevnadane. Verksemda er ein viktig arbeidsgjevar i Rugsund og bidreg til indirekte arbeidsplassar og tilknytta næring i heile Nordfjord.

K. Strømmen Lakseoppdrett AS er medeigar i Salmon Group og andre selskap, der vi gjennom nettverk og forretningssamarbeid er med på å skape ny næring gjennom nye idéar og konsept som oppdrettsnæringa har bruk for.

Vi deltek i fleire forskings- og utviklingsprosjekt. Eitt av dei kan du lese meir om her:

© Kopirett - K. Strømmen Lakseoppdrett designa av A til Å