Lokaliteten ligg rett under Hornelen, på austsida av Marøyna, og er godkjent for 3.120 tonn MTB. Lokalitet Marøyna har sentralfôringsanlegg, fire 120 meters plastmerdar i kombinasjon med 8 burs stålanlegg på 24 x 24 meter. Her er gode straumtilhøve og gode djupneforhold. Lokaliteten har vore nytta til vårutsett.