Historia

K. Strømmen Lakseoppdrett AS i Rugsund vart grunnlagt av oppdrettspioneren Kristen Strømmen i 1972. Kristen slutta i jobben sin som kraftblokkskipper i 1969 for å satse fulltid på lakseoppdrett. Han fekk ikkje lån i banken på grunn av «usikker satsing», og brukte difor oppsparte midlar for å kome i gong. Han starta då med rogn og yngel i eigeprodusert smoltanlegg i 1972.

I juni 1974 sette Kristen ut sine fyrste smolt i eigenprodusert flytemerd. Året etter vart 50 000 lakseyngel som parr produsert i Rugsund og selt til brødrene Grøntvedt på Hitra. I 1979 bygde han slakteri i Straumen i Rugsund. Fisken vart omsett gjennom fiskeeksportørar i Måløy og Florø.

Kristen Strømmen var òg med på å starte Haukå Settefisk på slutten av 1980-talet saman med Gudmund Strømsnes. I ein periode var verksemda òg innehavar av Gloppen Turisthotell (Sivertsen Hotell) på Sandane. Ein del av desse aktivitetane vart seinare avvikla, men kjerneverksemda bestod.

I 1997 overtok sonen Sven Jørgen Strømmen som dagleg leiar. K. Strømmen Lakseoppdrett AS er i dag ei familieeigd verksemd og har fleire oppdrettslokalitetar i Frøysjøen og langs strendene i ytre Nordfjord. Verksemda er aksjonær i Salmon Group – ei samanslutning av små og mellomstore oppdrettsverksemder i Noreg. I 2015 hadde K. Strømmen Lakseoppdrett AS ein omsetnad på 197 milllionar kroner og 17 tilsette.

K. Strømmen Lakseoppdrett AS er i dag den største oppdrettsverksemda i Bremanger kommune, og arbeider med ei målsetjing om at verksemda skal vere miljømessig berekraftig.